Publisert av: Bjørn Gunnar Lindalen | 18. april 2014

Ukristelege røter til kristne ord


Sylfest Lomheim forklarar korleis fleire kristne ord har grodd ut frå profane ord fra vikingtida

 

Vanskeleg å skremme vikingar med eit varmt helvete. Mange «kristne» ord kjem frå reint profane norrøne ord. Ordet «frelse» har samanheng med slavehaldet i vikingtida.

 

Aftenposten 18.04 2014.

 

– Dei som innførte kristendomen for tusen år sidan kunne sin marknadsførings-ABC, og visste kva dei gjorde. Kunne dei bruke eksisterande ord på den nye trua, så gjorde dei det. Det finst difor ei rekkje ord som i dag verkar langt meir heilage enn dei opphavleg har vore, seier språkforskar Sylfest Lomheim ved UiA.

Blant orda med profan, norrøn bakgrunn, men som i dag vert rekna til det kristelege vokabularet finn vi til dømes «Frelse».

– Dette ordet går attende til det førkristne bondesamfunnet. Det mange ikkje veit er at ein då hadde mange tusen slavar som arbeidde overalt. Og når ein av desse vart sett fri, heitte det at han fekk «fri hals». Dette vart til ordet «frjalsa» som var i vanleg bruk då kristendomen kom til landet, forklarar Lomheim.

 

Anna frelse

– Vårt ord for frelse skiljer seg frå det ein brukar i katolske land der ordet har rot i «salva», eller «å berga». I Frankrike heiter det «sauver», og i Italia «salvare», medan det på engelsk heiter «save». Desse orda tyder «å berga», og at ein bergar nokon er ikkje det same som å setja dei fri, seier Lomheim.

Sjølv om det er mange kristne ord med norrønt opphav, er det samstundes ein god del kyrkjelege ord som kjem frå gresk, og som utan tvil vart importerte med den nye religionen. Dette gjeld «prest», «biskop», «påske» og «kyrkje».


Ukristeleg

– Men eit ord som «gud» er ikkje kristent i det heile teke! Dette er eit reint germansk ord som ikkje tyder anna enn «den du tilkallar». På engelsk heiter det «god» og på tysk «gott». På Island var ein «gode» tittelen på ein som kunne lovene, og som ein difor tilkalla til tinget, fortel Lomheim.

Eit anna kristent omgrep med ukristeleg opphav er «helvete».

– Frå gamalt av kalla ein dødsriket for «helheimen», for her rådde Hel. Det var gufseleg, kaldt og trist der, og det verste av alt var at der skjedde så jækla lite. Det var mykje betre å kome til Valhall der det var slåsting og drikking. Å kome til Helheimen vart kalla «hel-viti», som tyder «hel-straff», seier Lomheim. Det var først seinare Helvetes pine vart til ein varm stad der ein vart pint av djevelen.


Varmt helvete

– Det ville ikkje vore noko godt grep å truga heidenske vikingar med eit helvete som var varmt. Det ville dei berre ha likt, meiner Lomheim.

«Himmel» er eit anna kristent ord med ukristeleg opphav:

– Dette betyr ikkje anna enn ei kvelving, seier Lomheim.

– Kva med «paradis»?

– Det er persisk for «hage», seier Lomheim.

No i påska er også nattverden eit sentralt, kristent motiv. Men sjølve ordet har ikkje noka religiøs rot:

– Dette er eit kvardagsleg ord som berre tyder «nattmat». «Verd» har same rot som det vi finn i «vertshus», og ordet har med servering å gjere, forklarar Lomheim.

Og «jul» er forresten eit ord som kom frå midtvintersblotet som ein har heldt på med i tusen år før kristendomen kom, og kanskje enno lenger, seier han.


Betyr gud «den utgytte» eller «den påkalla»?

– Eg trur mest på tolkinga som seier at «gud» tyder «den utgytte», seier Jens Braarvig, professor i religionshistorie ved UiO. Medan Sylfest Lomheim meiner ordet «gud» kjem frå det germanske ordet for «den ein kallar på», har Braarvig ei anna forklaring.

– Eg meiner dette ordet kjem frå «huta» i sanskrit, seier Braarvig. Sanskrit er eit indoeuropeisk urspråk som er beslekta med dei fleste europeiske språk.

– «Huta» betyr «det som er uthelt», og ordet peikar på drikkofferet eller libasjonsofferet som du finn igjen i mange gamle religionar. På gresk er «khutos» «det som er uthelt for gudane», og dette spelar på drua som symbol på livskraft, seier Braarvig. På gammalgermansk har dette blitt til det vi i dag kjenner som «gud». Denne uthellinga eller utgytinga finn vi igjen både i den kristne nattverda der dei truande drikk Jesu blod, og i utgytinga av Jesu blod på krossen.

– Dei norrøne gudane vart kalla «ås» eller «æs», men det var altså ikkje dette ordet dei tok i bruk om gud som eg altså meiner har etymologisk rot i «huta». Samstundes er det altså nokon som meiner ordet kjem frå sanskrit-ordet «huuta» med lang u. Desse orda går litt om kvarandre, men «huuta» betyr altså «den påkalla», seier Braarvig.

 

 

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Kategorier

%d bloggers like this: